onsdag 12. april 2017

Lykke på reisa i Rondane Nasjonalpark!

Treningstur/ferie, Rondane!




Dei aller fleste av oss er opplært til at man ikkje skal ferdast åleine i fjellet, spesielt hugasr eg korleis folk rundt meg har snakka om dette oppgjennom tidene. Det grøssar nedover ryggen min då eg forleden las om "Ulykkes påska i 1967", ein artikkel eg kom over på facebook. Då mista 17 mennesker livet i vinterfjellet, her i Norge. Fjellvetreglane kom av følger av denne påska. Og det er viktige punkt å sette seg inn i. Det er blitt veldig på mote å ferdast i fjellheimen, både sommar og vinter, topptur og langtur. Og det er jo veldig forståelig, for ingenting slår nettopp denne opplevelsen med å vere i og på fjellet, i ett med naturen,  vere nært på alt av variasjonar, inntrykk og sansing som dette landskapet rundt oss kan gi. Eg, for min del, likar meg godt på tur både åleine og saman med andre, men et felles mål med begge variantane er at turen og opplevelsane skal vere trygge, og skape positive, gode minne. 

Det er lett å bli riven med når andre legg ut flotte bilete og opplevingar på sosiale media frå turane sine, men vi må huske, kvar enkelt, at alle fjell og turar krev forskjellig kunnskap, og erfaring. Føre og forhald kan brått snu og forandre seg i høgda, og det kerv monge års erfaring for å kunne kartelegge og vurdere dette. I allefall ift snøv og skred. Snakk med lokalkjende ift området du skal ferdast i, og hald deg oppdatert på væir og vind.  Med dei rette forbredelsane og planleggingane for ein tur, så går det som oftast "steeeeeikje" bra! ;) Dette prøver eg også å forklare for mi kjære mor, men eg er komen fram til at det beste for oss begge er at eg, så longt som det går, forteller om turane mine etter at dei er gjort :p


Søndag 02.04.16: Det har vore regnfulle dagar her på Sunnmøre, og dårlige treningsforhold med tanke på ski og pulk. Eg har nokre dagar fri frå jobb, så eg pakkar pulkane, ordnar pass til merra, lånar bilen til bruttern, og stikk til fjells. Rondane, here we come!



73 kg vekt på pulkane (masse mat og sjokkolade), og to vakthaldera. Då burde eg greie meg bra ;)


Turen har eg hatt i tankane ei stund, så det ligg noko planlegging bak. Sann ca en kaffe kopp eller to nåkre kveldar dei siste vekene. Pluss ein heil dag med pakking! Eg viser plan A for ruta mi til John Magne, så han for ein pekepinn på kvar eg skal. Eg har også sagt i frå til Therese kva planen min er. Ho er forresten i same område nåkre dagar før meg, so ho gir meg ferske oppdateringar ift føre og forhold. I telefon på veg til Rondane opplyser ho til meg om at det har vore veldig varmt sise dagane, type shorts og singlett temp, så ho ville eg skulle vere obs mtp kryssing av vatna. Og at det var heller ikkje særlig skiføre. Eg les også på nettet at dei melder om utrygg is på fjellvatna i området Hardangervidda. Med dette i bakhovudet susar vi avgårde til Rondane Nasjonalpark!


Planleggingsøkt

Sjølv om eg har berre meg sjølv og to bikkjer å organisere og pakke for, så kan det vere litt tiltak å gjere det. Men i det eg spenn på skina, pustar lungene folle av kraft og tek første steget, så er det allereide verdt strevet. Vi har kjøyrt frå regn og snøvfritt, til delvis blått og kvitt, snøv!


Endelig igong! :D

Kjekkas 1 og 2 !

Fjellheimen opnar seg!


 Herkules har kløv med vekt for første gong, 3 kg. Eg tenkte at det mogligens ville bremse litt plaginga av stakkars onkel Aro.. Men, den gong ei.


Plageånda i sitt ess.. 


Sola takkar for seg

Eg bestemmer meg for å slå camp kl 21.00, ca 8 km frå start. Vi er komne nesten inn til hytta Rondvassbu. 15 min gåing frå stikkaløypa slår vi leir. Eg ordnar for hondane først, kle, mat og "soverom". Før eg ordnar til meg sjølv. Hondane ser ut til å vere trøytte av dagen, dei kryp rett til køys.  


Innlosjert og klar for ei natt i "bakteltet".



Eg fyrer opp brennaren og lagar mat til meg sjølv, medan eg ordnar til med mi eiga seng. Ein siste tur ut for å etterstramme bardunane på teltet, før eg tek kveld. Det var meldt litt vind ila natta. Men, eg måtte inn i teltet att etter kamera, det er stjerneklart og vindstille. Rett nydeleg i fjellheimen! Klokka nærmar seg 01.30 før eg legg meg i posen, og gleder meg til morgodagen. God natt :*









Dag 2

Topptur til Veslesmeden, 2015 moh!

03.04.2017






Eg vaknar først tidleg, spennt på koleis været er! Så eg kjikar ut for å sjå:







Det ser bra ut, eg kryssar fingrane for at været er like bra litt seinare. Eg kryp i soveposen att for et par timar til med søvn, klokka er ikkje sju ein gong enda! ZzzZzz

Så er vi klar til å starte dagen, eit par timar seinare. Planen for i dag er å ta ein topptur til Veslesmeden. Eg har tidlegare vore der på fottur på hausten, så eg ser føre meg at det er ein flott skitur også. Eg likar best å gå på ski på toppar der eg veit korleis det ser ut utan snøv, då er det lettare å vere litt meir sikker ift om det skulle vere skavlar. Det er skummle greier!

 Eg stressar ikkje med å bli klar, eg rett somlar! Eg har dekning på telefonen, så eg ringer heim til fattern for å forteje om kva planar eg har for dagen. Vi avatalar at vi skal ringast seinare også.

Morgenstund og kaffe!

Skredsøkaren. Etter mine beregningar så er det ikkje noka skredfare der eg har tenkt å gå i dag, men ein veit selvfølgelig aldri. Eg har også lovd ei av kollegaane mine, ho Edel Mo, at eg skulle ta på meg skredsøkaren uansett. Så då gjer eg det! Så blir eg ivertfall funnen før eller sida, om eit skred skulle no ta meg.. Ein anna ting som eg alltid tek med når eg går aleine i fjellet, er nødpeilesendaren min. Det skal nåk noko til før eg vil bruke den, moglig om eg bryt ei hand eller to, eller ein fot eller to. Men det er kun til nød! Eg hadde ikkje brukt den pga matmangel eller gnagesår, for å sei det slik! Det hadde vore flaut! (Håper det ikkje skjer no då) :p


Det skya litt meir over, men toppane er fortsatt synlege. Så vi går, og teltet står.

Aro veit å kvile når han kan! Veslesmeden er toppen bak den mørkaste fjellsida.

Masse fint å sjå på vegen. Ein av toppane på lista mi, Rondslottet. Den høgste i Rondane, ganske flott å sjå på i alle fall. Vil tru det er eit flott utsyn der i frå.

Medan vi trakka oss sakte, men sikkert opp i høgda så blir himmelen meir og meir blå! Sola kjem meir og meir fram, så det går opp for meg at vi faktisk skal få ein topptur i solskin, hærlig!



Sann ser ei fornøgd Linda ut!




Vi bikkar kanten og får auge på dagens mål! Høgste topp til høgre i bilete, det ser meget fristandes ut!

Eg sett at skina på høgd 1871 moh. Her er ikkje særlig snøv her i frå, så eg går på skiskona resten!


Vi stoppar rett før siste topp-partiet for ei matpause og ein kaffe. Så tek vi til på resten ved godt mot!

Oppe!

Fantastisk! Heilt vindstille, og nydelig utsikt so longt auge kan sjå, alle vegar! DEN følelsen, veit du ;D


Det er livet! <3 Vel verdt slitet i motbakken..

Mot Rondslottet att!

Heldiggris <3

The Dreamteam, og utsikt vidare nordover. Ganske snøvfattigt. Eg bestemmer meg her og no at ruta vidare ikkje blir som først planlagt, pga manglande snøv og høg temeratur. Men det tek eg stilling til seinare, no skal vi nyte augeblikket og glede oss til turen ned att!

Nede på høgd 1871moh att, med skina på føta, og klare for nedkjøyring! ;D

Der går litt saktare for dei utan ski på føta...

Mykje av vassdrag og elvar er synlege, så snøvsmeltinga er i god gang.

Teltet i sikte!

Begge hundane stupte rett i djup snork etter ankomst! Slitsamt med sol, snøv og topptur ;p

Biffstraganoff på dagens meny!

Eg ringer til fattern att og fortel om dagens strålane tur, og at eg ikkje tek skjangsen på å krysse vatnet ved Rondvassbu for å gå vidare inn i fjellet. Eg tenker ut ei anna rute istaden, det gjer også at eg har mykje betre tid, og slepp å stresse. Så frå no av er det heilt garantert at dette er kategorisert som ein ferietur ;D


Etter fordøya måltid og litt kvile tek eg ein kakao i teltveggen og kjikar på kartet. Ser ut ei fornuftig rute etter kva værmeldingane seier. Dei har hittil tat feil, så ein veit aldri. Fjellheimen kan vere lunefull slik, været kan fort snu, og det same kan føret. Men det tek vi som det kjem i morgon!


Her er forreten det ny-innkjøpte dunskjørtet mitt, god "knallj"! :D


Tak for no <3



Dag 3

04.04.2017

Vegen vidare

Eg tok avgjerelsen i går. om at eg ikkje ville gå ruta som eg først hadde tenkt, "Trekanten" som den kallast. Etter korleis forhalda er og høge temperaturar vil eg helst unngå å måtte krysse fjellvatn. Så etter en kjik på kartet bestemmer eg meg for å gå retning Peer Gynt hytta! Det blir etterkvart ganske varmt, med strålande sol. Eg nyttar høve til litt solings og lufting av sovepose. Rett påskestemning!



Så pakkar vi saman og sett kursen mot Peer Gynt hytta, dit er det i overkamt 7 km!



Den høge tempen setter sine spor.. Her måtte eg ta ein pulk i gongen for å kome meg over en bare flekken.


Etter å kryssa forbi Randen 1397 moh, så er det undabakke att, med fin gli!




Vel framme med Peer Gynt hytta så er det på tide med lunsj, både for meg og hundane!





Vi går vidare og finn en ny teltplass for natta! Ca 10 km tilbakelagt i dag. 



 Her trengst det påfyll til påske!




To trøytte, men nøgde kara. Tek ikkje lang tid før dei snorkar i kor.








Litt kakao og sjokolade medan ein ventar på kveldsen ;)


Kveldsstemning i fjellheimen.





Dag 4

05.04.2017
 
Heimveg

Eit lettare snøvfall har kome ila natta. Planen i dag er berre å gå tilbake til bilen og kjøyre heimatt, så vi stressar ikkje i dag heller! Etter nokre kaffikoppar innabors så riv eg camp og sett snuten mot Mysusæter, der bilen står.




Frukost for dei firbeinte.


Klare til dyst!


Litt småskummelt å krysse så opne elvar, men der gjekk heldigvis fint!





Tilbake til start, etter flotte og frie dagar i fjellet. Det gjer godt for slike som meg, og hundane, vil eg tru!




Slik ser en vist ut etter fire dagers fjellferie! Takk for meg ;)



Kartutsnitt av runda, ca 35,5 km tilsaman!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar