lørdag 28. januar 2017

Rein magi, "just for free" !

Fredag 27.01, klokka ringer 06.30, berre å hive seg rundt! Eg vil opp i høgda og nyte soloppgongen. I går satt eg heime med morgonkaffien og tok eit bilete kl 09.00 av soloppgongen då, so eg reknar med eg vil rekke toppen innan det. Eg pakkar med frukost, kaffi og hundane, Aro og Herkules. Avtalte med svigerfar om lån av han sin bil, i går kveld, den er litt lettare å frakte med hundane i, en pick up'en min.

Parkerte ved parkeringa til Lidaveten kl 07.30, Herkules og Aro er klar!


På med hovudlykt, og berre å starte. Himmelen har allereide en fin rosa farge. Håper eg har tenkt rett, så eg rekk fram i tide!

Første "luretoppen" i sikte. Eg hiv av meg jakka, og går vidare i berre kortarma! Tenk, ein januar morgen...

Hundane byks oppover i fint driv, litt verre med meg. Eg kjenner på kroppen at den ikkje har ete frukost, og at det blei litt for lenge på spelekveld hjå gode venninder i går. Spørst om eg har blitt for gammal for desse innfalla mine :S :p 


Vi kjem oss oppover, og får etterkvart fin utsikt over bygda vår, Ørstaperlå :)


Herkules på siste luretoppen. Om de zoomar på bilete vil de sjå ørna som letta i det vi bikka kanten der. Den var ganske nær, men kom seg eit stykke vekk før eg fekk knipsa den.



Oppe, kl 08.22! Eg pakkar  fram storekamera og stativ, og står klar! Ventar på sola!


Eg prøvar å knipse litt bilete saman med hundane. Det er på same måte som når det skal knipsast av fleire folk, spesielt ungar, samtidig. Ikkje like lett at alle held posituren sin slik dei skal, på same tid. Men, eg synest det blei masse fint. Og himmelen sitt fargespel forandra seg heile tida, vakkert!





Det viser seg at vi har god tid til at sola står opp. Eg googla det medan eg sitt her, den står ikkje opp før kl 09.14 her i Ørsta. Så eg tappar opp kaffe, og et frukosten medan eg ventar. 



"Coffee with a view" ;)

Held utkik.

Utsikt bakover, mot Eika og Eiksund. Det er forresten her etternamnet mitt kjem ifrå, Eiken ;) Besten vaks opp på Eika, og besta i Eiksund.


Aro klagar ikkje :)

Herkules i farta :)

Vi ventar i spenning, og klokka bikkar 09.14. Så, ikkje ein gong Google har kontrollen på soloppgongen her ;p





Men så, NO! kl 09.30, då klyv sola toppane i det fjerne. Stilig å sjå korleis hundane reagerer, det er akkurat som dei forstår det dei også! No kjem sola! :D

Det aller beste: stunder som dette kostar ingenting, og dette lev vi godt på lenge. Rein magi, og ny energi. Så ein treng ikkje gå dei høgste toppane for å oppleve det. Det kan forresten vere like magisk frå fjøresteinane også! :)


Vi er alle samde om at dette var vel verdt slitet i motbakken i morgentimane, og den manglande skjønnheits søvnen har vi allereide gløymt!

Eg stoppar innom Silje for en kaffekopp på heimvegen, og ho har utsikt rett på Lidaveten frå stova si, fjellet midt i bilete. Kjekt, der satt vi akkurat og å soloppgonegn. Starten på en nydeleg dag!

Ein flott start på helga, vetet har fått frisk luft og eg kan gå over i jobbhelg-modus, med eit stort smil!

God helg! <3 











torsdag 26. januar 2017

Leiteaksjon

Det har vore ei søvnlaus natt. Therese og eg hadde oss ei pulk-økt til Åmskaret i gårkveld, og yndlings drikkeflaska mi var som vanleg med. Pga teipa fella, gjekk det litt i rykk og napp på turen nedatt, så pulken min fekk seg nokre grøfte-skrensa her og der. Brått oppdaga eg at drikkeflaska mi er vekk, heilt vekk, sjølv om den var festa med ein karbinkrok. Eg hadde ikkje anna valg. Eg må rykke ut att i dag, tid for leiteaksjon!!

Tilkalla redningspatruljen, dei med luktesansen:
 Aro og Herkules er klar!


Fint driv utover mot Åmskaret. John Magne har bakglatte ski, så dei la han på lasta mi ei stund.



Å DER! Fint på en stubbe... Drikkeflaska mi! TUSEN TAKK til deg som fann den, og satte den der!

Flaks <3

Vi har pakka med pulk med både ved og mat, så vi nytta situasjonen til det fulle. Vi avslutta en vellykka leiteaksjon med bål, kaffe, kakao og mat, i strålande januar sol!
Påske stemning, rett og slett! (ps: mine nye solbriller, med styrke! Haha!)


Digg!


Nysteikte rondstykker med bruneost, det er turmat det!

Nøgde kara!

John Magne er glad i appelsin :)

På heimveg, med ei eksta vårgjele eller to! :D




Takk og lov, lukkeleg gjenforent med yndlings drikkeflaska <3

Nok ein gong, tusen takk til deg som fann den. Kven du no måtte ver! :*