søndag 23. april 2017

Det er berre ein ting å gjere skal man nå dit ein vil... #Sticktotheplan!


Treningsveka

Når ein har et mål å nå, som for meg no er å gå over den Grønlandskeinnlandsis, so må ein vere litt nazi på å forberede kroppen til belastninga den vil få på en slik tur. Dette for å unngå, og forbygge, for skader, betenddelse osv. Det er også slik at til betre form ein er i, dess hyggeligare vil ein ha det på sjølve turen. Det gjeld alle turar og aktivitetar. Det romar også for ei viss tryggheit når ein har marginar å gå på når ein skal ut på ein slik longtur. Det kan pluttseleg oppstå uforutsette situasjonar, været kan overraske, føre kan bli drit, og ein kan måtte hjelpe andre i gruppa å bære/drage. Då er det et must å ha uthaldenheit og styrke til å kunne takle slike situasjonar, både fysisk og phsykisk. Så derfor: #Sticktotheplan!

Therese i fint driv, på veg heimover etter tur på Åmnipa i går, laurdag.




Det er snart 4 år sidan eg starta med å drage på bildekk, så eg har ein fordel med at denne belastninga ikkje er noko nytt for kroppen min. Så om eg skulle bli sjuk ei periode, eller det skulle oppstå noko anna som gjer at eg må droppe draginga ei veke eller to, så er det ikkje heilt krise. Men det merkast når volumet og mengda på treninga skal auke, og det er det som er planen no framover. Til no har vi prøvd å ha fast 1-2 trekkeøkter i veka. I tillegg til minimum 1 langøkt i månaden. No er det i underkant av 4 månader til avreise dato, so no må mengda auke endå litt meir. 8-10 t med draging i veka må vi prøve å få til. Så for min del vil antall styrkeøkter gå ned, til fordel til meir tid for trekking. Det blir også mindre slingringsrom for andre akrivitetar, som toppturar og slikt. Det er ikkje vanskelig å velge om eg vaknar om morgonen ein dag og sola skin og snøven glittrar utføre, då er det topptur skina som freistar mest. Ikkje fjellski og tong pulk :p Toppturane og anna for vente til neste år, eg trøstar meg med at fjella våre vil stå her då også!

Eit sammendrag av denne veka:


Mandag 17.04.17 (2.påskedag) Topptur
Eg har hatt påskefri ei heil veke, og fekk meg ein flott tur til Blæja sist fredag. Men eg ser på væirmeldingane at det skal vere ganske bra i dag også, og eg veit eg kan få til dei planlagde dekkøktene også sjølv om eg brukar mandagen på topptur! Det gjeld å nytte seg av væir og forhold når ein kan! Eg avtalte tur til Skårasalen saman med Janica i går, før eg skal på seinvakt! Vi er tidleg vaken, og startar ved parkeringa kl 08.30! Hardt og traudigt i starten pga nattefrosten, men det kom seg etterkvart som vi kom oss opp av skyggen. Vindstille og sol på toppen! Så det var vel verdt det :D
Janica på veg opp mot renna, hardt og traudigt her.

Toppen i sikte!

Skonnte oss å nyte litt før vi måtte starte nedkjøring :)

Om eg reiser rett på jobb, og Janica tek bilen min heim, så fekk vi litt meir tid på oss. Vi så gjorde. Det er ikkje alltidt det er så flotte forhold på toppane, ikkje eit vindpust! Då er det flott med litt tid til  å nyte det litt også, etter slitet opp ;p Vekas bonusøkt, dette!

Flott på topp! <3

Obs! Eit aldri så lite fall på vegen nedatt. Det blei ikkje brudd,  Janica kom seg nedatt på eiga maskin. Men, ho blei henvist til MR dagen etter. Kneet var ikkje godt. Det er fort gjort! Ha alltid med førstehjelps utstyr på ein topptur, sjølv kor kort den er!

Tirsdag 18.04.17 Dekkøkt
Eg har kort dag på jobb i dag, så eg er ferdig kl 13.30. Heim etter litt mat, så hiv eg med dekk og sele, og susar meg til parkeringa ved "Demininga". Det er som oftast her eg har dekkøktene mine. Eg har såtte meg eit mål i dag om å drage to dekk, og lett sekk, (6kg), 20 km. Berre for å kjenne og sjå korleis det går. Ift tidlegare langøkter beregnar eg at det vil ta ca 5 timar, inkludert pauser.

Start ved "Deminiga"

Ved sist langøkt eg hadde her, som var 31.01.17, så måtte eg ha to pauser, og telle stega oppover "dødsbakken", som eg kaller den, for å kåme meg opp. Siste bakken i enden av Pamoranavegen. I dag gjekk eg rett opp, utan å måtte telle eller ta noka pause, så det er kjekt! Faktisk fantastisk deilig å kjenne på framgongen, og at sjølv kor "dritleid" eg kan vere til tider av å drage rundt på dessae traudigperane , så hjelper det på! ;)


ved toppen av "dødsbakken"! Stoppe for å tørke litt sveitte ut av augene  ta en skryte selfie, og sann ;D


Etter 1t og 20 min tek eg et pitstopp for litt påfyll! Nøtter og drikke!

Så går vi vidare.

Eg meldar litt med Therese på veg mot bilen att, ho sitt akk ved middagsbordet. Etter å tenke i to sek hiv ho seg rundt og ber meg vente ved bilen til ho kjem, så hiv ho og seg med så lenge ho rekk det før ho må vidare å halde Pilatestimar på Sæbø. Det er slik det må vere, vi har dei planlagde øktene, så må vi ta det vi rekker, litt sann innimylla alt anna. Alt hjelper på! :)

Frå "Deminiga" går vi vidare innover mot Dalsvatnet, eller "Bjørdalsvatnet" som nokre kallar det. Vi går rundt, snur, så tilbake, Berre for å variere runda våra litt. Tanken har sleie meg mange gongar: Tenk om eg hadde budd ein annan stad. I ein by for eksempel! Steik, då hadde det ikkje vore lett å motivere seg til å gå ut å drage dekk, tenker ivertfall eg. Så sann sett er vi heldige, for det er ikkje mykje som slår dette flotte treningsstudioet her <3 

Therese har også med sekk, 15 kg.

Vi har ei "Josten-pålangs-kryssing" vi skal gjere i mai. Så vi prøver å gå litt med tunge sekkar for å forbrede oss litt til den turen også.

Innerst ved Dalsvatnet.

Etter å runda tilbake frå Dalsvatnet og mot "Demninga" att, kjem Anders å plukka opp Therese som må vidare. Men ho fekk seg ei bra økt på 12,7 km, med to dekk og sekk. Eg fortsetter siste biten tilbake til bilen, så eg får mine 20 km. Tida eg beregna var ganske bra, minus det eg sto å venta ved bilen så blei det 4t og 25 min. Bra det!

Kartutsnitt av runda:

Onsdag 19.04.2017
Det kjennast at eg hadde ei langøkt i går, og at eg ikkje har hatt optimal søvn i natt, (eg har vore på såvande nattevakt i Volda). Så eg lyttar til kroppen og tek det med ro i dag. Ein spasertur i skogen saman med Gazina før eg dreg på sienvakt, berre for å få litt frisk luft mylla øyrene :) 


obs! Måtte gå heilt bort til frysaren for ei halv isboks då eg kåm heim frå jobb.. Kan late som det høyrer med i restitusjonen ;p Eg heng litt fast i påska endå forstår eg...

Torsdag 20.04.17 Kondisjonsøkt
Kondis er ferskvare, så det er viktig å vedlikehalde den også. Eg hatar å springe/jogge, men veit eg må gjere det fordiom. Det er alltidt godt når det er gjort! Berre å knyte på seg skona, skru opp musikken å dra seg over dørstokken!

Ei runde opp i lia, 6,7 km. Betre en ingen km ;)


Fredag 21.04.17
I dag er dagen for å ta tre "styrketestar" for å regne ut korleis programmet skal vere vidare ift vektene i øktene. Eg tok ikkje nokre bilete frå økta i dag, så det kjem eg tilbake til seinare. Sveinung Tømmerbakk Rekkedal, som saman med Marit Aamås, som driv Ørsta Gym, er det som har satt opp programmet mitt. Det har han forretsen gjort dei siste 2,5 åra! (Tolmodig kar) ;D

Laurdag 22.04.17 Dekkøkt
Eg møter opp ved huset til Therese kl 10.00. planen er å gå opp på Åmnipa der i frå. Therese har hatt to sekk-øter tidlegare i veka, så ho har to dekk i dag. Eg har ryggsekk på 24,5 kg, og eit dekk. Litt regn i lufta då vi startar, det blir så til sludd. Så møter vi snøv i enden av Brunevegen. Her i frå kan i alle fall eg skrive under på at det er BLYTONGT!! Mykje tyngre en en 100 kg pulk er. Puh!


-_-

I starten går vi side om side, men etterkvart som vi kjem lenger opp, snik eg meg inn bak Therese. Ho er dagens pløgar! ;)
Jamt og sikkert driv.

Vi prøver å få tak i Anders for å kanskje få tilkjøyrt ein kaffe og litt nøtter, før vi tek til på sjølvaste Åmnipa. Men ikkje svar å få. Ganske urutinert av oss å ikkje ha det i sekken! :p Ved ankomst ved parkeringa ved Åmnipa så kastar eg frå meg dekket og går kun med sekk. Therese med eit dekk. No går eg først å trakkar spor, det er hakket meir krevande å drage en å bære i snøven.



Nesten oppe så kjem det meir påfyll av snøv. Kanskje høve for pulk-trekking att? Vi stirrer oss dei siste metera bort til benken til toppen. Skriv oss i boka og retunerer nedatt.

Benken på toppen. Ikkje særlig utsyn i dag :)


No fall zone!


Vel nede i tunet til Therese att så hadde me brukt 4t og 40 min. Og gått 10,72 km. Det er innafor på slikt føre! eg lova jaffal meg sjølv at i morgon, det er kviledag! :p Og kveldens biff skal inntakst med god samvittigheit!


Kartutsnitt:


Søndag 23.04.17 Kviledag
Med kviledag meinar eg at eg ikkje planlegger nokon form for aktivitet utanom den daglege. Eg ligg altso ikkje på sofaen og får tilbært mat og drikke, men det er viktig at kroppen får hente seg innatt også. Viss ikkje bryt vi den berre ned, og den blir svakare. Planen i dag er å planlegge og forbrede for neste veke, for den ser litt hektisk ut.. Først ein tur å gjere dagelege gjermål i stallen.

Dritjobb er det kjekkaste eg veit ;)


Sann ca kvar søndag sett eg med ned for å planlegge det meste for at timeplanen min skal gå opp. Det er to viktige faktorar som spelar inn for korleis planlegginga blir, og det er væirmeldinga og korleis eg jobbar ;p I dag planlegg eg berre 3 økter for neste veke, for det er kun det som er realistisk å få til. Sjølv om det skulle oppstå noko uforutsett, så går det fint. Eg kan få til både 4 og 5 økter, men det inneberer at eg må stå opp å fare på trening før jobb om morgonen. Det kan eg finne på å gjere, men det ser eg heller på som ei bonus økt då. Eg planlegg aldri at eg må gjere det.

Yr, turnus og kaffe! Planlegges ;)

Ellers når timeplanen er tett, og været ser ut til å bli ganske bra, så legg eg til rette for å måtte bruke minst mogelig tid inne! Så i dag har eg tatt meg ein vende på kjøkkenet, så ivertfall frokost og niste er klart for veka! Grove horn med skinke og ost, og pestosnurrar. Begge oppsriftene henta frå bloggen til Funkygine! ;)





No skal eg gjere meg klar for å fare på taco-date med Karina! :D

Ønsker deg vidare ein fin søndagskveld! :)








































 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar