torsdag 10. august 2017

H****gud!! Steik, der lurte dei meg!

Mållaus, snår og tårer!


Oppstessja og kledd for både rekebord og stevnemøte så susar eg meg til Sæbø (i går), klar for to rekebord. Først kl 17.30 saman med bebuarar, personal og pårørande på Hjørundfjordheimen, så attmed John Magne etterpå, kl 20.00. Eg er med i sokalla, "reketeamet", i år, så eg er med å arrangere den årlige happeningen på jobb. Alltidt kjekt å settje seg til bords på Sagafjord hotell, berre so flott. Det går som smurt, og alle kosar seg! Eg held litt att, og styrer unna desserten, for eg skal jo vidare på rekebord rett etterpå! Eg sørga sikkert for at alle fekk vite det også.. Det er ikkje kvar dag at grisebonden slår til med date! ;)

Bodil Skare, besta og tante Anne Marie


Flotte damer som kosar seg!

Tante Ragnhild, tante Anne Marie og besta

Så ringer John Magne kl 19.50. Joda, han er strakst på Sæbø komen, men vi må suse oss heim til Krøvelen i eit hattefåk for å fange inn kvigene som er på rømmen, IGJENN. Han har snakka med hotellet og utsatt rekebordet til kl 21.00, seier han. Freistande å bli sur og sinnt, men det er til inga nytte. For dette er ikkje uvanleg, slikt skjer alltid når det passar dårligast. Eg legg ut på snapp:




John Magne stoppar bilen rett utføre huset og ber meg springe inn å hente kontrollen til straumgjerdeapparatet, og skifte sko.

Å her sto gjengen klar, og hadde lurt meg trill rundt!




Ingen kviger på rømmen, og John Magne har ikkje vore i kontakt med hotellet i det heile. Eg ante med ein gong at dette var lurehøna, Silje, som stod bak. Men aldri om ho, eller nokon anna, har fått meg så mållaus og tårevåt nokon gong! Ein rrrrredige støkk, rett og slett! Tuuusen, tuusen takk, for en hivens aften, alle saman! <3 Eg er kjempe heldig, og berre tanken på denne kvelden vil gi meg superkrefter dei tyngste dagane over den Grønlandske Innlandsisen. *grine fortsatt :p

Min godaste bror, Finn Erik, slo til med DEN kaka!

Her ligg det ein heil del arbeid bak assa!

Som alltid, systa Oda Merete diska opp med flotte og super gode kreativitetar!

Hovud-lurehøna til venstre, godaste Silje, Marita og Elias, og Solveig! :*

Oda Merete, Lena Emilie, B2 (Hildegunn) og Bej (Kristian) :D

Karina, Birgit, Liv Grete og Julie! Alle med god matavet ;D

Janica, Liza, Caroline, Gunnhild og Tiinii (Martine) :D

Lisabel, Heidi Beate og John Magne! :D

Ei utgrena Linda!

Innimylla kakeeting på kaloripåfyll, øksekasting:
 


Caroline rocks! ;D




Love you!


<3



mandag 10. juli 2017

Kveldstur og solnedgong frå Klovetinden, 949 moh

Med kake i sekken og solnedgong i sikte!

 
 
Vi startar fremst i Barstadvika litt før kl 21.00. Eg har googla når det er tid for solnedgong, så vi har god tid til å nå toppen. For å finne starten på stien går ein over ei trebru etter parkeringsplassen, så opp på høgresida av ei hytte. Der ifrå er det tydelig sti heilt til ein ser toppen. Vi gjekk utan rås nesten heilt til vi starta oppstigninga på sjølve ryggen til Klovetinden. Her i frå er det god rås heilt opp!
 
Birgit og Aro i fint driv

Vi kjem over skoggrensa og her ser vi mot Molladalen

Medan vi fortsatt har sti, ein del elver å krysse


Etter ei stund utan sti siktar vi oss inn på stigninga opp ryggen, her finn vi stien att



Vi går opp den "snilde" stigninga til ryggen, men det går også ein snarveg opp ved Klovvatnet, men den er noko brattare.

Vi bikkar kanten av ryggen, og får utsynet som har motivert heile vegen: Rett ut i havgapet!



Toppen av Klovetinden til venstre

 
 
Vi kjem til topps:
 
Birgit nyt utsynet

Lett skodde gjer det litt trollsk

Litt av nista, sjokkoladekake :D
 
 
Glimt av Klovvatnet der nede.
 
Vi drikk kaffi og et mat, fotograferer og kosa oss. Me blir samde om at det kanskje det ikkje hadde vore så domt med eit telt i sekken i dag, hehe! Men det kan vi ta med neste gong! Vi sitt på toppen heilt til sola går ned, så tek vi til på turen nedatt.
 
Eit siste glimt før sola takkar for seg


Ikkje alltid like lett å fotografere dei firbeinte.......

Aro og Herkules, kjekke kara som kosar seg på tur :)

tett på midtnatt gjekk sola ned, og vi var glade for å ha med oss ull i sekken!


På heimveg

Når sola går ned, kjem månen opp.

Snart nede ved bilen att... Men vi kunne ha vandra langt vidare, så fint!
 
 
Kartutsnitt: Heile runda blei på 9.78 km.
 
 
 
Vi skravlar oss nedover sida og har pluttseleg brukt litt over 4 timar på heile turen, inkludert alle pauser og god tid på toppen. Slike halvvegs spontanturar er gull verdt, og jaggu fekk vi løyst eit par verdensproblem på denne runda. Nært overtrøytte på bilturen heim, og i køys tett på halv tre om natta! Smilande fornøgd, og takksam for slike dagar. Ei nattvandring som ligg godt plassert i minnebanken! Tusen takk for turen, Birgit, Aro og Herkules! <3
 
 
 
 
 
 
 


 
 
 
 
 
 

tirsdag 4. juli 2017

Dekk-trekk i Romedalen

Dekk-trekk, utelunsj og kvalitetstid

 
 
Å ta fleire floger i ein smekk er eg stor fan av! I dag blei ein slik dag. Vekas dekk-økter må gjerast, sjølv kor demotiverande det er å bruke sommar dagar på det. Og eg kjenner meg sjølv godt, så dess raskare eg kjem meg ut døra og gjere det, dess fortare er det gjort. Og dess mindre blir eg gåande å tenke på at eg burde gjere det. Godt med alt som er undagjort! Litt demotivert sender eg snap til Birgit, og spørr om ho ville bli med på gåtur fram i Romedalen. Uvitande om kva som var i vente så hiv ho seg i bilen og kjem susande over Eidet! Det hjalp nåk på at eg lokka med kaffe ;)

Vi bilar fram i enden av Follestaddalen, og parkerar der vegen til Romedalen byrjar. Opplett og flott frå start. Birgit kan også fortelle at ho aldri har vore her før. Jaggu på tide då!
 
 


Sytalaust med grinda-jente ;)



Fine Romedalen! Eg kjenner det er godt med litt variasjon i øktene :)


Lunsj og kaffe ved Steinstøylen!

 
 Berre å gå tilbake då...
 




Trur ikkje saudene har sett noko so teit før..... :p
 Ei passeleg bløyte på vegen nedatt. Fordelen med det er at ein slepp å dusje etterpå ;)
Legg til bildetekst


Wooho, eit solglimt!

Takk for turen, og phsykisk støtte, Birgit! :*

Kartutsnitt: Endomondoen viste 14,02 km tur/retur.