mandag 13. februar 2017

Ice ice, Baby!



Ein utvida telttur i "hagen"..



FANTASTISK! Det er ikkje kvart år vi får skikkelig stålis på Vatnevatne, men no er det faktisk det! Og eg nytta høve til å teste is-telttur i helga. Det var også fullmåne og stjerneklart natt til søndag. Og det var då vi låg der.


Eg kjem heim frå tidlegvakt laurdag, og dreg direkte ned på isen for å sette opp teltet. På is trengst det isskruar for å feste teltet, og det er også noko som vi mest sannsynleg blir nøydde å gjere om vi skal campe i brefalla på Grønland. Isskruar står i alle fall på pakke-lista vår.
Festar teltet med isskru




John Magne blir som oftast tilkalla når det trengst kreative løysingar. Eg har berre tre isskruar, men treng fire. Her fiksar han siste feste med hjelp av ei grein han trylla fram.

YES! Då er vi klare for natta!




Væirmeldinga held mål, og eg får leika meg litt med nattfotografering i klarvæiret:




Telting i "hagen", hehe

Isen blank som ein spegel


Kl bikka 02.00 før vi legg oss i teltet, eg og hundande. For oss som bur nært eit vatn som frys til om vinteren, så veit vi at isen til tider kan lage kraftige drønn, så det er eg vand til å høyre. Til tider kan vi vakne av det oppe i huset også. MEN, når du ligg i en såvepose, i eit telt, og det nærmast smell RETT innunder deg, DÅ kvepp du til. I alle fall gjorde eg det! Tett på kl 04.00 skjedde det, og eg stod omtrent i posen før eg rakk å tenke, hundane også var komt på beina. "Jau, f***, no sekk vi vel ned!" Hahah, eg fekk hjartebank av heile greia, syntest det var på grensa til litt småekkelt. Men, vi la oss til att og såvna. Eg veit jo at dei seier at det er eit tryggheits teikn når isen beljar slik, tryggebrest, kallar dei det. Isen frys seg sterkare, sei naboen min!


Morgenstund, tett på kl 09.00.

Eg legg meg i teltet att etter ei lita fotorunde.. Og jammen det såvna eg att! kl 10.30 vakna eg igjen, og hundane var meir eller mindre utolmodige, og syntest nåk det var på høg tid å starte dagen!


"På tide å stå opp no, Tornerose!"






Oppatt etter litt frukost, så gjekk eg inn til "gamlemor", min gode nabo, for å fortelje om påfunnet. På mirakluøstvis viste ho det allereide, og blei ikkje det spøt overraska. Vi tek oss ein lang kaffe, før eg fer på seinvakt, og fortel det vidare der. Hahah! Ei klok eldre dame svarar meg: "Slikt hadde ikkje gardakjerringane tida til å styre med, før i tida..."

;)








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar