torsdag 26. januar 2017

Leiteaksjon

Det har vore ei søvnlaus natt. Therese og eg hadde oss ei pulk-økt til Åmskaret i gårkveld, og yndlings drikkeflaska mi var som vanleg med. Pga teipa fella, gjekk det litt i rykk og napp på turen nedatt, så pulken min fekk seg nokre grøfte-skrensa her og der. Brått oppdaga eg at drikkeflaska mi er vekk, heilt vekk, sjølv om den var festa med ein karbinkrok. Eg hadde ikkje anna valg. Eg må rykke ut att i dag, tid for leiteaksjon!!

Tilkalla redningspatruljen, dei med luktesansen:
 Aro og Herkules er klar!


Fint driv utover mot Åmskaret. John Magne har bakglatte ski, så dei la han på lasta mi ei stund.



Å DER! Fint på en stubbe... Drikkeflaska mi! TUSEN TAKK til deg som fann den, og satte den der!

Flaks <3

Vi har pakka med pulk med både ved og mat, så vi nytta situasjonen til det fulle. Vi avslutta en vellykka leiteaksjon med bål, kaffe, kakao og mat, i strålande januar sol!
Påske stemning, rett og slett! (ps: mine nye solbriller, med styrke! Haha!)


Digg!


Nysteikte rondstykker med bruneost, det er turmat det!

Nøgde kara!

John Magne er glad i appelsin :)

På heimveg, med ei eksta vårgjele eller to! :D




Takk og lov, lukkeleg gjenforent med yndlings drikkeflaska <3

Nok ein gong, tusen takk til deg som fann den. Kven du no måtte ver! :*









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar