mandag 10. juli 2017

Kveldstur og solnedgong frå Klovetinden, 949 moh

Med kake i sekken og solnedgong i sikte!

 
 
Vi startar fremst i Barstadvika litt før kl 21.00. Eg har googla når det er tid for solnedgong, så vi har god tid til å nå toppen. For å finne starten på stien går ein over ei trebru etter parkeringsplassen, så opp på høgresida av ei hytte. Der ifrå er det tydelig sti heilt til ein ser toppen. Vi gjekk utan rås nesten heilt til vi starta oppstigninga på sjølve ryggen til Klovetinden. Her i frå er det god rås heilt opp!
 
Birgit og Aro i fint driv

Vi kjem over skoggrensa og her ser vi mot Molladalen

Medan vi fortsatt har sti, ein del elver å krysse


Etter ei stund utan sti siktar vi oss inn på stigninga opp ryggen, her finn vi stien att



Vi går opp den "snilde" stigninga til ryggen, men det går også ein snarveg opp ved Klovvatnet, men den er noko brattare.

Vi bikkar kanten av ryggen, og får utsynet som har motivert heile vegen: Rett ut i havgapet!



Toppen av Klovetinden til venstre

 
 
Vi kjem til topps:
 
Birgit nyt utsynet

Lett skodde gjer det litt trollsk

Litt av nista, sjokkoladekake :D
 
 
Glimt av Klovvatnet der nede.
 
Vi drikk kaffi og et mat, fotograferer og kosa oss. Me blir samde om at det kanskje det ikkje hadde vore så domt med eit telt i sekken i dag, hehe! Men det kan vi ta med neste gong! Vi sitt på toppen heilt til sola går ned, så tek vi til på turen nedatt.
 
Eit siste glimt før sola takkar for seg


Ikkje alltid like lett å fotografere dei firbeinte.......

Aro og Herkules, kjekke kara som kosar seg på tur :)

tett på midtnatt gjekk sola ned, og vi var glade for å ha med oss ull i sekken!


På heimveg

Når sola går ned, kjem månen opp.

Snart nede ved bilen att... Men vi kunne ha vandra langt vidare, så fint!
 
 
Kartutsnitt: Heile runda blei på 9.78 km.
 
 
 
Vi skravlar oss nedover sida og har pluttseleg brukt litt over 4 timar på heile turen, inkludert alle pauser og god tid på toppen. Slike halvvegs spontanturar er gull verdt, og jaggu fekk vi løyst eit par verdensproblem på denne runda. Nært overtrøytte på bilturen heim, og i køys tett på halv tre om natta! Smilande fornøgd, og takksam for slike dagar. Ei nattvandring som ligg godt plassert i minnebanken! Tusen takk for turen, Birgit, Aro og Herkules! <3
 
 
 
 
 
 
 


 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar