søndag 25. juni 2017

Dekk-trekk til Mossetra og Vallasetra

Søndagstur

For å få timane med dekk trekking som skal til ila ei veke må vi ofte bruke ein dag i helga også. Vi prøver å få til langøktene i helgene, sidan det er då vi har mogligheit å sette av dei timane som trengst til det. 



Vi går ikkje så langt i dag, men jaggu kjennest det på kroppen at vi byttar rute, underlag og terreng! Variasjon er viktig, kroppen tilpassar seg belastninga den blir utsatt for over tid, så i dag fekk den litt å bryne seg på ;) 

Vi parkerer ved "Askjellhaugen", og går stien nede ved elva. Somme plassar er det smalt så dekka sett seg fast, andre plassar er det røter og stein som stikker opp så dekka hektar seg i, veldig hyggelig! :D 





Men sjølv om det er diverse tolmodigheits testar her, så er vi fint einige i at det gjorde seg med ny plass for draginga. Vi opplever at vi må bruke meir heile kroppen, ift når vi går på grusveg. I det eine dekket mitt hektar seg i ei rot som stikk opp, og eg dreg ta niagarda, så slitnar festet i selen min. Etter å nesten faceplanta rett i bakken to gongar, så retunerar eg til bilen for å sjå om eg har noko å fikse festet med. Heldigvis har eg slyngande diverse, blant anna ei bilstropp. Nåk ein gong bevist for meg sjølv at det løner seg med rotete bil, slik ein til kvar tid har noko å hjelpe seg med ;p 

Vi går vidare:
Alternativ rute.. Det kan kanskje samanliknast med type skru-is.. Heftig tolmodigheits prøve! 





Etter å kåme opp på grusvegen att, etter 4,5 km på sti, møter vi på to spandable damer. Her får vi både kaffi, Shell-bollar og skive med kvit ost! Nåk ei økt med tilegna dårlige vanar... Skal sjå om vi møter på slik service på turen over Grønland også  :p 




Etter ei bra pause tek vi fatt på siste motbakkane før vi ser Mossetra. Vi kjenner på energien at det gjorde seg med litt påfyll! 


Mossetra i sikte. 



Etter å kryssa over elva så er det eit godt stykke ondabakke att. Heilt til vi kjem ned til første gårdstunet i Nupadalen, her er det også slutt på grusvegen. Asfalt gir større friksjon, så det er tyngre å drage her. Vi tek ein siste matrast før vi tek siste økta tilbake til bilen. 



Kartutsnitt: heile ruta blei på 12, 62 km, seier Endomondoen. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar