søndag 28. mai 2017

Food prep! Frå slakting til fryseklart

Heilt heimelaga

 

På nettet kan man kåme over mykje rart,  som for eksempel at folk kan vere av den oppfatning at dei synest det er fryktelelig at vi må drepe og slakte dyr for å få mat, når vi heller berre kan gå i butikken å kjøpe kjøtet der. Det kjem antageligvis av ein del manglande kunnskap... Trist! Det burde vere obligatorisk å lære på skule korleis dette foregår. Nåk om det. Eg er i allefall, etter mitt syn, så heldig å vekse opp med tilgong for å både lære korleis dyra lev og har det her i Norge, og korleis vi tryllar fram kjøtet som ligg i hylla på butikken. Men ikkje før no, etter 27 år på vår moder jord, har eg fått prøve meg skikkelig på heile prosessen! Etter eg flytta meg fram på Krøvelen, her vi stort sett lagar alt av kjøtmat sjølve, så har eg også fått opp augene for at det er det ein lagar sjølv heime, som er aller best. Både smak og kvalitet! Slakting og matauk er ein heilt naturlig del av livets gang, så eg har heller ikkje problem med prosessen der, sjølv om det kan vere vår eiga "Dagros" som ligg på tallerkenen.

Sist helg slakta vi tre oksar, så i dag står det for tur å ta neste steg med kjøtet. Vi skal skjere ned og vakumpakke sosakjøt, grytekjøt, div biff og slikt, og kjøtdeig. Noko av det skal eg også prøve å lage  "beef jerky" av, som skal brukast til snacks på turen over Grønland til hausten. Og eg skal tørke div som skal brukast til måltid som lunsj og middag på same turen. Spennande!
 
 
Bilde frå sist helg, ferdig slakting av 3 oksar. Tilsaman 492 kg slaktevekt.
 
Det vil seie at kjøtet har hengt på kjøla i sju dagar, i 5 grader. Altso, det blir 45 døgngrader. Dette med døgngrader er ikkje så prikært med oppdretsdyr, som det hadde vore med villt. Einaste bakpartane burde moglegens henge litt lenger. Men, det var i dag vi alle tre hadde tid å styre med det, så då blei det slik. For tid treng man, dette tok nesten heile dagen! :p
 
Bjørn Ottar med foll kontroll!

John Magne mel reinskåre kjøt opp til kjøtdeig!

Biffar, entrecote, indrefilet, ytrefilet osv. Alt vegast opp, vakumpakkast, og merkast!
 
Noko av det ferdige produktet, klart for å frysast ned.
 
Dagens største utfordring var å få plass til alt i frysarane. Eit luksusproblem, eigentleg!

Tusen takk til Bjørn Ottar og John Magne for stor dose tolmod til å lære opp ei blondine! :D Men ho fekk skryt også, og i neste bestilling av nytt utstyr til slakteriet vil det også bli lista opp knivar og div til meg, stilig! ;D
 
 
 




  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar