tirsdag 30. mai 2017

Det meste sitt i hovudet! "Eg skal kome meg over, om so eg må bruke framtennene"

Kroppen er med på det som topplokket gir beskjed om



Nettopp, det er faktisk så enkelt, i dei fleste tilfeller. I det du vaknar om morgonen kan du velge om dette blir ein bra eller ein dårleg dag. Om du har ei positiv eller ei negativ innstilling. Om du går halvhjarta inn for å gjennomføre noko, blir resultatet også halvhjarta. Om du går "all in", så blir som oftast resultatet av det du gjer, også det! 

Eg følger med på ei gruppe som er på veg over innlandsisen på Grønland i desse dagar, der i blant ei 15 år gammal jente frå Australia. Veldig imponerande! Men her blir det rapportert om nokre av dei andre gruppene som også er på veg over. Det har hittill blitt evakuert 16 personar. Her er det nåk forskjellige faktorar som spelar inn på kva som er grunnane for dette, men det får i alle fall meg til å bli endå litt meir motivert på treninga for turen. For mi innstilling er enkel: "Eg skal kome meg over, om so eg må bruke framtennene!". 


For det første er det ein draum som lenge har vore i hovudet mitt, og for det andre er det utrulig mykje arbeid som ligg bak. Sjølve treninga er berre ein liten brikke i heile puslespelet. Mykje av dette lærte eg i førebuingane mot Svalbard-turen i fjor, men det er endå litt meir komplisert med ei Grønlandskryssing. Eg veldig glad for å ha Therese på laget, ho er ein kløppar på dette! Og det er ofte her folk gir opp, for akkurat sjølve turen, der du berre går på ski, et mat, såver og går på do, er berre ein leik. Ift alt av søknadar, løyver, forsikringa, flybilletter, papir osv som må vere i orden. For ikkje å snakke om pakking, organisering, mat-diagram, utstyr og økonomi. Og nåk solkrem! :p 

Slik sett hadde det vore "enklare" å kjøpe ein guida tur, men, det hadde ikkje gitt same følelsen etterpå. I alle fall ikkje for meg. Det er noko litt meir spesielt å kunne stå for alt arbeidet sjøl, frå førebuing til gjennomføring. 

Det er kun vi sjølve som kan sørge for å vere nåk forberedt, både psykisk og fysisk. Og ein må vere forberedt på at det meste, i værste fall, ikkje går etter planen! For slik er det ofte på tur, i alle fall på lengre turar. Så her går vi, å drege og dreg! I går, mandag, prøvde eg tidvis med eit dekk til. 6 av 10 km med tre dekk, 4 km med to. Så kan det kun bli betre frå no! 😉 



 
 


Heldigvis fekk Therese eit par minutters problem med draget sitt, så då fekk eg litt ekstra pause!

 

Therese stod for praten....  Og eg var fint ferdig etter endt økt! 


 
 
 
Kartutsnitt:
 
 
 
Post workout! Anders, mannen til Therese, stod klar med mat til oss. Tusen takk! :D 
 

Eg tok berre ein ball, for eg hadde ikkje tid til å ete meg på ein smell i går! Det var fortsatt eit par gjeremål på dagens liste, som å flytte hestegjerde og merke 280 grisar✌️.Heldigvis alt med god hjelp :)
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar