onsdag 19. april 2017

Lykke på reisa, dag 2!

Topptur til Veslesmeden, 2015 moh!

03.04.2017






Eg vaknar først tidleg, spennt på koleis været er! Så eg kjikar ut for å sjå:







Det ser bra ut, eg kryssar fingrane for at været er like bra litt seinare. Eg kryp i soveposen att for et par timar til med søvn, klokka er ikkje sju ein gong enda! ZzzZzz

Så er vi klar til å starte dagen, eit par timar seinare. Planen for i dag er å ta ein topptur til Veslesmeden. Eg har tidlegare vore der på fottur på hausten, så eg ser føre meg at det er ein flott skitur også. Eg likar best å gå på ski på toppar der eg veit korleis det ser ut utan snøv, då er det lettare å vere litt meir sikker ift om det skulle vere skavlar. Det er skummle greier!

 Eg stressar ikkje med å bli klar, eg rett somlar! Eg har dekning på telefonen, så eg ringer heim til fattern for å forteje om kva planar eg har for dagen. Vi avatalar at vi skal ringast seinare også.

Morgenstund og kaffe!

Skredsøkaren. Etter mine beregningar så er det ikkje noka skredfare der eg har tenkt å gå i dag, men ein veit selvfølgelig aldri. Eg har også lovd ei av kollegaane mine, ho Edel Mo, at eg skulle ta på meg skredsøkaren uansett. Så då gjer eg det! Så blir eg ivertfall funnen før eller sida, om eit skred skulle no ta meg.. Ein anna ting som eg alltid tek med når eg går aleine i fjellet, er nødpeilesendaren min. Det skal nåk noko til før eg vil bruke den, moglig om eg bryt ei hand eller to, eller ein fot eller to. Men det er kun til nød! Eg hadde ikkje brukt den pga matmangel eller gnagesår, for å sei det slik! Det hadde vore flaut! (Håper det ikkje skjer no då) :p


Det skya litt meir over, men toppane er fortsatt synlege. Så vi går, og teltet står.

Aro veit å kvile når han kan! Veslesmeden er toppen bak den mørkaste fjellsida.

Masse fint å sjå på vegen. Ein av toppane på lista mi, Rondslottet. Den høgste i Rondane, ganske flott å sjå på i alle fall. Vil tru det er eit flott utsyn der i frå.

Medan vi trakka oss sakte, men sikkert opp i høgda så blir himmelen meir og meir blå! Sola kjem meir og meir fram, så det går opp for meg at vi faktisk skal få ein topptur i solskin, hærlig!



Sann ser ei fornøgd Linda ut!




Vi bikkar kanten og får auge på dagens mål! Høgste topp til høgre i bilete, det ser meget fristandes ut!

Eg sett at skina på høgd 1871 moh. Her er ikkje særlig snøv her i frå, så eg går på skiskona resten!


Vi stoppar rett før siste topp-partiet for ei matpause og ein kaffe. Så tek vi til på resten ved godt mot!

Oppe!

Fantastisk! Heilt vindstille, og nydelig utsikt so longt auge kan sjå, alle vegar! DEN følelsen, veit du ;D


Det er livet! <3 Vel verdt slitet i motbakken..

Mot Rondslottet att!

Heldiggris <3

The Dreamteam, og utsikt vidare nordover. Ganske snøvfattigt. Eg bestemmer meg her og no at ruta vidare ikkje blir som først planlagt, pga manglande snøv og høg temeratur. Men det tek eg stilling til seinare, no skal vi nyte augeblikket og glede oss til turen ned att!

Nede på høgd 1871moh att, med skina på føta, og klare for nedkjøyring! ;D

Der går litt saktare for dei utan ski på føta...

Mykje av vassdrag og elvar er synlege, så snøvsmeltinga er i god gang.

Teltet i sikte!

Begge hundane stupte rett i djup snork etter ankomst! Slitsamt med sol, snøv og topptur ;p

Biffstraganoff på dagens meny!

Eg ringer til fattern att og fortel om dagens strålane tur, og at eg ikkje tek skjangsen på å krysse vatnet ved Rondvassbu for å gå vidare inn i fjellet. Eg tenker ut ei anna rute istaden, det gjer også at eg har mykje betre tid, og slepp å stresse. Så frå no av er det heilt garantert at dette er kategorisert som ein ferietur ;D

Etter fordøya måltid og litt kvile tek eg ein kakao i teltveggen og kjikar på kartet. Ser ut ei fornuftig rute etter kva værmeldingane seier. Dei har hittil tat feil, så ein veit aldri. Fjellheimen kan vere lunefull slik, været kan fort snu, og det same kan føret. Men det tek vi som det kjem i morgon!


Her er forreten det ny-innkjøpte dunskjørtet mitt, god "knallj"! :D


Tak for no <3























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar