onsdag 12. april 2017

Lykke på reisa, dag 1!

Treningstur/ferie, Rondane!








Dei aller fleste av oss er opplært til at man ikkje skal ferdast åleine i fjellet, spesielt hugasr eg korleis folk rundt meg har snakka om dette oppgjennom tidene. Det grøssar nedover ryggen min då eg forleden las om "Ulykkes påska i 1967", ein artikkel eg kom over på facebook. Då mista 17 mennesker livet i vinterfjellet, her i Norge. Fjellvetreglane kom av følger av denne påska. Og det er viktige punkt å sette seg inn i. Det er blitt veldig på mote å ferdast i fjellheimen, både sommar og vinter, topptur og langtur. Og det er jo veldig forståelig, for ingenting slår nettopp denne opplevelsen med å vere i og på fjellet, i ett med naturen,  vere nært på alt av variasjonar, inntrykk og sansing som dette landskapet rundt oss kan gi. Eg, for min del, likar meg godt på tur både åleine og saman med andre, men et felles mål med begge variantane er at turen og opplevelsane skal vere trygge, og skape positive, gode minne. 

Det er lett å bli riven med når andre legg ut flotte bilete og opplevingar på sosiale media frå turane sine, men vi må huske, kvar enkelt, at alle fjell og turar krev forskjellig kunnskap, og erfaring. Føre og forhald kan brått snu og forandre seg i høgda, og det kerv monge års erfaring for å kunne kartelegge og vurdere dette. I allefall ift snøv og skred. Snakk med lokalkjende ift området du skal ferdast i, og hald deg oppdatert på væir og vind.  Med dei rette forbredelsane og planleggingane for ein tur, så går det som oftast "steeeeeikje" bra! ;) Dette prøver eg også å forklare for mi kjære mor, men eg er komen fram til at det beste for oss begge er at eg, så longt som det går, forteller om turane mine etter at dei er gjort :p


Søndag 02.04.16: Det har vore regnfulle dagar her på Sunnmøre, og dårlige treningsforhold med tanke på ski og pulk. Eg har nokre dagar fri frå jobb, så eg pakkar pulkane, ordnar pass til merra, lånar bilen til bruttern, og stikk til fjells. Rondane, here we come!



73 kg vekt på pulkane (masse mat og sjokkolade), og to vakthaldera. Då burde eg greie meg bra ;)


Turen har eg hatt i tankane ei stund, så det ligg noko planlegging bak. Sann ca en kaffe kopp eller to nåkre kveldar dei siste vekene. Pluss ein heil dag med pakking! Eg viser plan A for ruta mi til John Magne, så han for ein pekepinn på kvar eg skal. Eg har også sagt i frå til Therese kva planen min er. Ho er forresten i same område nåkre dagar før meg, so ho gir meg ferske oppdateringar ift føre og forhold. I telefon på veg til Rondane opplyser ho til meg om at det har vore veldig varmt sise dagane, type shorts og singlett temp, så ho ville eg skulle vere obs mtp kryssing av vatna. Og at det var heller ikkje særlig skiføre. Eg les også på nettet at dei melder om utrygg is på fjellvatna i området Hardangervidda. Med dette i bakhovudet susar vi avgårde til Rondane Nasjonalpark!


Planleggingsøkt


Sjølv om eg har berre meg sjølv og to bikkjer å organisere og pakke for, så kan det vere litt tiltak å gjere det. Men i det eg spenn på skina, pustar lungene folle av kraft og tek første steget, så er det allereide verdt strevet. Vi har kjøyrt frå regn og snøvfritt, til delvis blått og kvitt, snøv!


Endelig igong! :D

Kjekkas 1 og 2 ;p

Fjellheimen opnar seg!


 Herkules har kløv med vekt for første gong, 3 kg. Eg tenkte at det mogligens ville bremse litt plaginga av stakkars onkel Aro.. Men, den gong ei.


Plageånda i sitt ess..


Sola takkar for seg

Eg bestemmer meg for å slå camp kl 21.00, ca 8 km frå start. Vi er komne nesten inn til hytta Rondvassbu. 15 min gåing frå stikkaløypa slår vi leir. Eg ordnar for hondane først, kle, mat og "soverom". Før eg ordnar til meg sjølv. Hondane ser ut til å vere trøytte av dagen, dei kryp rett til køys.  


Innlosjert og klar for ei natt i "bakteltet".



Eg fyrer opp brennaren og lagar mat til meg sjølv, medan eg ordnar til med mi eiga seng. Ein siste tur ut for å etterstramme bardunane på teltet, før eg tek kveld. Det var meldt litt vind ila natta. Men, eg måtte inn i teltet att etter kamera, det er stjerneklart og vindstille. Rett nydeleg i fjellheimen! Klokka nærmar seg 01.30 før eg legg meg i posen, og gleder meg til morgodagen. God natt :*













 



 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar