onsdag 8. februar 2017

Solnedgong i havet!



Ettermiddagstur til Skolma, 635 moh


Eg gjekk av nattevaktshelg i går, mandagsmorgon, og John Magne blei ferdig med fjøsveka i samdrifta i går kveld. Han flyttar seg etterkvart oppi grisefjøsen seinare i veka, då porkene snart skal til med onging igjen. Då lyt me nytte høvet til litt kvalitetstid ein fri tysdag, og det artar seg slik:

John Magne trivast godt heime med dagelege gjeremål, medan eg likar å nytte fridagar til turing, trening og slikt! Det handlar om å gi og ta, so vi startar først med ei økt i fjøsen då!

 



250 slaktegris ferdig merka, og klare til slakt! (Passe fotoklare etter å neka seg til med tatueringssverte). Me går innatt for en dusj og litt mat, so susar vi ut på Flø!
 
Dagens mål er solnedgong frå Skolma, ytterste fjellet på Flø. Der har eg vore to gonga før, så eg skulle jo kunne vegen...


Allereide før vi har gått en time, går vi oss vekk. Eller, rettare sagt, eg går feil. Vi skulle ta av lenger nede, over elva, medan eg leda an heilt opp til vatnet, og vidare. Eg har på meg berre vanlege joggesko, så eg er passe fornøgd me å tråkke på halvfrosa myr, med iiiiskaldt vatn i. Det resulterer i en klisj venstrefot, veldig hyggelig.  



Vi kjem oss etterkvart opp skråninga, og opp på platået mot toppvarden. Litt betre å gå her, men endå utan rås. Eg blidnar straks i det vi entrar solstrålane att. Eg må til å unnskylde suringa mi, det er liksom ikkje verdens undergong at vi fekk oss et par ekstra 100 meter å gå, og at eg er våt på eine foten. Det er jo kun min eigen feil, og eg vil mest sannsynleg komme til å overleve.

Litt pause i sola. Den varmar, sjølv om det berre er februar!




Ved godt mot siste etappa!
Aro nyte siste solstrålane.

En kaffeskvett og litt mat, nåk til å nesten få naglebet for han so gløymde skikkelige hanska ;p


Sola går ned, og månen kjem opp!

Må jo ha kjærestebillete på kjærestetur!


Nydeleg februarlys!



Der for o', gjor o'!
'



Vi når nedatt utan å måtte nytte hovudlykter.

Eg er nok den første til å fotografere dette ledet!

Avslutta turen me litt bouldering! Shaky legs.. ;p

Vel heime går John Magne i fjøsen att, og eg startar på lovnaden om ein god kvelds! Seier oss "nøgde" med fridagen, og eg gledar meg ivertfall til neste! :D


Det blei nåk ein #foodbaby haha



Tusen takk for en super energipåfyll dag, sjef! :*








1 kommentar:

  1. Skolma er en absolutt fin tur med utsikt <3 vært der kun en gang,så kjekt å sjå att :-)

    SvarSlett