søndag 5. februar 2017

Månadens langøkt

Trening, trening, trening...

Ja, som sagt så er eg, i ei gruppe med fem andre, i full sving med å forbrede meg til å fulleføre den store drøymen. Vi fem, har eit felles mål om å krysse den Grønlandske innlandsis! Så, akkurat i desse tider, 7 månader før dette skal skje, skal vi helst få til ei trekkeøkt i veka, pluss/minus 10 km, og ei langøkt i månaden, til no den lengste eg har gjort, 17,05 km. Her er det berre å øke på. Skal kroppen halde seg frisk under tung og einsidig belastning over lang tid, som på ein slik tur, må den vere forberedt på dette. Difor trekker vi dekk, og tunge pulkar (når vi har snøv til det!). Akkurat no er det manko på snøven her, så eg har leita framatt dekka!



Det er tirsdag, siste dagen i januar. Sol frå skyfri himmel, eg har fri frå jobb, og 1000 ting eg skulle gjort, som vanleg.... Meeeeen, dei 1000 tinga kan eg utsette litt til, som vanlig, for det er mykje kjekkare å fare ut å trene ;)


Ein av dei tusen tinga er blant anna å rydde dette spisebordet.. La gå, det står nett slik når eg kjem heim også, det fær ingen plass!

Eg pakkar med meg hundar, litt lett energipåfyll, som nøtter og rosiner, dekk og solbriller. Kjøyrer til start, Vatnedalen.

Kopilotane er klar!



Dekka også..!


Vi dreg opp fyste bakken, og kjem oss oppi sola. Hærlig!




Vi går Panoramavegen, og kjem opp til det vi kallar "Demninga", trur eg. Det er som oftast hit eg kjem for å gjennomføre dekk-øktene mine.

Demninga.
 Eit lite parti med snøv her, men fin avrong å gå på.



Eg prøver å gå realistiske etapper, som 50 min gåing, 10 min pause. Nokre av pausene mine i dag blir litt lenger, pga biletetakinga. Men det gjer ingenting, det er ikkje blodig alvor heilt endå! 



Fleire som har lyst på litt snacks! ;)

Ein ting er ivertfall sikkert, ift mogelegheiter og variasjon i landskapet her, er vi, etter mitt syn, ganske så bortskjemt! Eg har ivertfall ingen klagerett på omgivelsane for dagens økt!






Det er i motbakken det går oppover, og det skal svi litt også... Snart halvvegs no!




Vi ser tydeleg at det har vore store mengder regn i det siste. Eg latar som det er bresprekker, og vi kjem oss trygt forbi, heldigvis :D


Litt på kanten her!

Innst ved Dalsvatnet, halvvegs!

Pausings!
Tida har no bikka to timar, og eg byrja tenke på om vi kjem til å mørkne ute. Så det er berre å fortsette. Eg kjenner også i både armar og bein at eg har bikka den vandte trekke mengda. Spesielt er det armane som følest ekstra longe no.. 




Tilbake til Pamoranavegen.


Siste motbakken på enden av Pamoranavegen svir. Spesielt armane og raua,  heilt j*****!  Eg teller stega mine inni meg,  1, 2, 3.. 20, stopp.  1, 2, 3.. 20, stopp. Heilt til eg er oppe. Kvar gong det er ekstra hardt,  og alle celler i kroppen held på å dåne,  så trøstar eg meg sjølv: "Ingen vits i å syte,  dette er heilt frivilleg!".  Og det er sant! 


Etter siste bakken er det kun bort og ned igjen. Og som eg tenkte tidlegare,  vi mørkna ute. Men null stress, med mobillys dei siste hundre meterane så går det fint.


Tilbake til bilen, etter 4 t og 18 min. 17,05km, med ei gjennomsnittsfart på 3,95km/t. Heilt innafor!



Vel fortent sjokkis!

Kartutsnitt av økta:



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar